Aktivitet i kyrkja i Vestre Slidre no og framover

Det var open kyrkje i Øyjar kapell på sundag

Aktivitet i kyrkja i Vestre Slidre no og framover

Av omsyn til smittevern har vi måtte halde kyrkjene stengd for aktivitet nokre veker.

Søndag 25 april kunne vi igjen opne opp for besøkande, og haldt open kyrkje i Øyjar kapell.

I finvêret var det kjekt å site ute med ein kopp kaffe - så kunne ein gå inn å tenne lys og vere i kapellet om ein kjende for det. Prest, klokkar og kyrketenar var  stade slik dei plar. Kyrkjevertar sto for registrering og passa på at alle held god avstand.

Såframt det lar seg gjere med tanke på nasjonale restriksjonar og/eller uoversikteleg smittesituasjon i kommunen, vil vi framover følgje vår oppsette gudstenesteliste.

Den 9.mai held vi open kyrkje i Slidredomen kl.19.30 til 20.30 med rom for lystenning, bøn og musikk.

Inntil 10 personar kan vere i kyrkjerommet samstun

I kyrkjerommet legg vi til einkvar tid til rette for gode smittevernstiltak. Vi anbefaler bruk av munnbind i kyrkjerommet, og har til utdeling ved behov.

Infoskriv om aktivitet ved kyrkjene no, dugnad m.m blir hengt opp ved alle kyrkjene denne veka!

 

NB! Som alltid elles: Følg med på facebooksida vår for oppdatert informasjon!

https://www.facebook.com/Kyrkja-i-Vestre-Slidre-842335192540706

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"